(c) Reiselivsbasen - rlb.no Turistinformasjon Vågå / Oppland / Norge (0515)
[ Vang ] [ Lom ] [ Lesja ] [ Dovre ] [ Sel ] [ Nord-Fron ] [ Øystre Slidre ]


Vågå


I Jotunheimen finn du nærmast utallige turmoglegheiter, noko for ein kvar smak. Foto: M. Øvsteng
I Jotunheimen finn du nærmast utallige turmoglegheiter, noko for ein kvar smak. Foto: M. Øvsteng
Vakre Vågå kan tilby deg minnerike opplevingar – om du vil fylle dagen med aktivitetar, liv og røre, eller om du vel å ta livet med ro og nyte stillheita.

Namnet Vågå kjem av det gammalnorske ordet vega, som tyder reise. Og her i Vågå kan du gjera mange reiser – reiser som gjev deg ro i sjela, påfyll av energi og ny inspirasjon.

Aktivitetane du kan velgja mellom her spenner vidt, og går føre seg i bygder, i vatn og elv, i høgfjell og skog. Sommarstid kan du rafte nedover elva som glitrar, nemleg den kjende Sjoa. Elva er evig verna. Eller kva med å reise nedover den same elva i ein sit on top-kajakk, eller med eit elvebrett? Dyktige guidar fører deg trygt og vått nedover elva. Gjennom trange juv og brusande vatn og fossefall opplever du naturen på nært hald dersom du blir med på juving. Dersom du vil stole på at andre føter enn dine eigne fører deg trygt gjennom naturen, så kan du frå hesteryggen oppleva vakre Sjodalen. Om du er nybyrjar eller har erfaring med riding frå tidlegare, så vil ein ridetur gje deg flotte naturopplevinger. Fotturar i bygd og fjell, breturar på blåis, elgsafari, motocross, jakt og fiske, sykling og ein kveld i villmarksleir med god mat og historier rundt bålet er andre opplevinger vi kan tilby.

Besseggen - ein av dei mest populære fotturane i Norge.  Foto: M. Øvsteng
Besseggen - ein av dei mest populære fotturane i Norge.
Foto: M. Øvsteng
Vågå er omkransa av fjell. Skogkledde, låge åsar så vel som snaue, spisse tindar. Vågå har eit stort antal toppar over 2000 moh. Med sin nærleik til fjellheimen kan Vågå tilby utallige opplevinger dersom du vil ferdast til fots i fjellet. Ein tur med Gjendebåten og ein dagstur over Besseggen gjev deg heilt sikkert gode minne om mektig natur. Dersom du vil inn i skogen, kan Hulderstigen føre deg gjennom hundre år gammal furuskog, over myrer, bekker og rundt små fjellvatn, inn i Stuttgonglia naturreservat. Natur- og kulturstigen gjev deg kunnskap om natur, kultur og historie i Sjodalen. Blåhø kan i klarvær tilby deg utsikt til heile Nasjonalparkriket: Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell. Med sine 1617 moh er utsikten herifrå ikkje mindre enn fantastisk – og det er bilveg heilt til toppen.

Du sjå korleis elv og juv artar seg vinterstid dersom du blir med på isjuving. Gammal og snøtung skog kan du oppleva dersom du går på trugetur. Kanskje møter du også skogens konge – elgen? Spora etter han og andre skogsdyr og -fuglar er ofte å sjå i skogane i Sjodalen. Skiløypene er mange, lange og velpreparerte i Vågå. Dersom du ikkje vil gå etter oppkøyrde løyper, byr skog og fjell på utallige moglegheiter for å lage sine eigne spor. Fjellviddene er lange og snødekte, skogane er djupe og snøtunge. For dei som trivst best med skiheis og nedoverbakker, finst det også tilbod i Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter. Gjennom vinteren er det flotte forhald for snøbrett, telemark og alpint, for nybyrjarar og erfarne, i preparerte bakker og i område for frikøyring.

Ridderspranget over elva Sjoa er lett tilgjengeleg. Foto: H.O. Øvre
Ridderspranget over elva Sjoa er lett tilgjengeleg. Foto: H.O. Øvre
Vågåkyrkja er Vågå si stavkyrkje. Vakker og stolt reiser ho seg i sentrum av Vågåmo. Her er det historie i veggane – døypefonten i kleber er frå 1100-talet, og er fortsatt i bruk. Den namngjetne fjellmannen Jo Gjende er gravlagt på kyrkjegarden her. Kanskje har du høyrd segnet om Jutul’n og Blessomen? Opp og vest for Vågåmo reiser Jutulporten seg, ein fjellformasjon i Prestberget, der Jutul’n i følgje segnet skal bu. Jutulheimen Bygdemuseum er eit tun oppbygd som ein gammal, tradisjonell gard. Her finn du utstillingar av gamle ting frå området, verk etter kunstnaren Jo Viste og utstilling om Jo Gjende. Frå riddarane sine glansdagar har juvet Ridderspranget i Sjoa fått namnet sitt. Valdres-riddaren Sigvat Kvie hadde vore på brurerov i Vågå og tok med seg jenta Skårvangssola og hoppa over dette vakre, men farlege, juvet. Vågå-riddaren Iva Gjesling vart snytt for bryllaup, men juvet fekk sitt namn og er i dag vel verdt eit besøk.

Etter ein dag fylt med opplevingar frå natur og kultur, kan opplevingane fortsetja om kvelden. Middag og overnatting i trivelege omgjevnader kan avslutte dagen og gje deg kvile. I Vågå kan du velgja mellom mange typar overnatting. Fjellstuer, hotell, hytter og gamle gardar byr deg tak over hovudet og avkopling. Med lange tradisjonar for jakt og fiske, er det naturleg å basere mange måltid på lokale råvarer. Her kan du få servert til dels rein frå lokale fjell, nyfiska aure frå fjellvatn, rømmegraut, spekemat og flatbrød, i tillegg til kulturhistoriske menyar. Alt ligg til rette for at du også skal få den gode matopplevinga - i tillegg til natur- og kulturopplevingane som ventar deg her i Vågå.

Vågå ligg sentralt til i forhold til byar som Trondheim, Oslo, Bergen og Ålesund, og ligg også midt i noko av det flottaste som finst av natur i Sør-Noreg, nemleg Nasjonalparkriket: Jotunheimen med sine høge tindar og djupe dalar, Rondane og Dovre med runde fjell og store vidder, og Dovrefjell med mektig fjellheim og moskus. Kva kan vel vera betre enn å ha det flottaste av norsk natur som scene for eventyr og kvile - i umiddelbar nærleik?

Artikkel og bilder: Vågå Reiseliv AS v/ Anne Silje Berg
S-A print GM no en de nl [<< tilbake] [Gardsovernatting Vågå] [Aktiviteter & Attraksjoner Vågå] [Turistkontor Oppland] [ ]
Eksterne linker Vågå: -kommune -kart -Wikipedia.org -SSB.no -Elektrobasen

© S-A.no - Reiselivsbasen

These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !