Aust-Agder / Bygland (0938) | ||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Setesdal Hotel |
||||||||||
Norsk bildetekst Norsk bildetekst Norsk bildetekst Hotellet blei bygt nytt i 1981 med ein flott arkitektur. Det ligg vakkert til ved fjorden og er godt tilpassa den lokal byggeskikken. Her finn du svalgangar, hemsar og torv på taket - ein arkitektur med kraft og atmosfære. Vi har 22 dobbeltrom – 15 familierom med til saman 90 sengeplassar, fleire med høve til matlaging. Kafé med 150 sitjeplassar, selskapslokale og møtelokale som passar for 10 – 120 gjester. Romma er utstyrte med dusj og WC, dei fleste med TV. Alle romma har flott utsikt mot Byglandsfjorden. Byglandsfjorden er kjend for dei høgaste sommartemperaturane i landet, i konkurranse med Nesbyen. Vi har ei flott badestrand like ved hotellet – eit kommunalt friområdet kalla ”Gullsand”. Setesdal Hotel som ligg så sentralt til, er eit ideelt utgangspunkt for naturbaserte utflukter innan friluftsliv, jakt, fiske og andre aktivitetar. På kort tid kan du kome til Bygland museum, Glashytta, Brokke alpinsenter, Hovden Badeland, Kristiansand Dyrepark, Setesdal Mineral Park, Setesdalsmuséet, Rygnestadloftet m.m. Vi arrangerer turar med D/S Bjoren på Byglandsfjorden med strandhogg på eiga øy ute i fjorden, gjennom slusene ved Storestraumen og tur opp til Reiårsfossen – det flottaste fossefallet i dalen. Vi arrangerer også gruppeturar til fots (firma, skuleklassar o.l.) inn i Setesdal Landskapsvernområde. Setesdal Hotel er kjend for god mat, og sundagsbuffeten lokkar folk frå heile landsdelen kvar einaste sundag. Buffeten har minst 6 varmrettar og 10 dessertar. Vi serverar også små og store tallerken rettar. |
|
|||||||||
[<< tilbake] [Overnatting Bygland] [Aktiviteter & Attraksjoner Bygland] |
These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !